Aktiv norsk

Stafettaktivitet der oppgåva er å lage t.d.flest mogleg verb innanfor ei gitt tid, eller så lenge ein har bokstavar å bruke. Døme på oppgåver kan vere substantiv, ord med diftongar, adjektiv osv.

Førebuingar:

Før start legg ein magnetbokstavane gruppevis på golvet framfor magnettavla. Borna stiller opp bak startlinja eit stykke unna og ventar på startsignal.

Gjennomføring:

Ein og ein spring fram til bokstavane, plukkar berre éin bokstav frå golvet og set på tavla. Spring så attende for å veksle med neste på laget og held fram slik til tida er ute. Ein kan og løyse oppgåva som eit lag. Om å gjere å lage flest ord eller bruke flest bokstavar til tida er ute.

Aktiv Norsk

Tips! Legg inn fysiske tilleggsoppgåver, til dømes at ein må hinke etter at ein har laga eit ord, springe baklengs etter å ha laga to ord osv.

Hensikt

Utfordre kognitive ferdigheiter.

Variasjon

Ein kan jobbe både individuelt og lagvis. Yngre born kan starte som gruppe og samarbeide om oppgåva. Legg inn fysiske tilleggsoppgåver, t.d. at ein må hinke etter at ein har sett på ein bokstav/laga eit ord, springe baklengs, hoppe over ein hekk på veg framover og krype under attende osv. Ein kan byte ut bokstavar med tal og setje opp ferdige reknestykke med pluss, minus, gange og dividering derom ein ønskjer å jobbe med matte.

Progresjon

Varier oppgåvene etter målgruppa (alder og kunnskapsnivå). Dersom ein bestemmer at borna ikkje kan snakke saman, blir det meir  utfordrande å løyse oppgåvene.

Tilpasningsmuligheter

Pass på at alle kan delta ved å variere t.d. fråstand, farge på bokstavane og kvar ein kan plukke bokstaver frå.

Levert av Høgskolen i Hedmark, En region i bevegelse