Chiffonen kan brukast til ulike aktiviteter, som å kaste opp i lufta og bli teken imot på ulike måtar og med ulike kroppsdeler, kan brukast som «sverd» mot ein motstandar, lære seg fargar osv.
Døme på aktivitetar og organisering:
Still gruppa på to linjer ovafor kvarandre. Den eine linja flyttar seg ein plass kvar gong det vert gitt ny oppgåve (dannar nye par heile tida):
- Kast chiffonen opp i lufta, byt plass og fang partnaren sitt skjerf att.
- Kast chiffonen opp i lufta, byt plass og fang partnaren sitt chiffon att på; hovud, rumpa, ryggen, magen, beinet osv.
- Kast chiffonen opp i lufta, spring til midten og handhels på partnaren, deretter attende på plass og fang eigen chiffon før den når bakken.
- Bruk skjerfet som «sverd» og kjemp ein ufarlig kamp mot motstandaren.
- Er ein utandørs, kan ein kaste chiffonen i lufta og sjå korleis den blir ført bortover av vinden.
- Utfordre gruppa til å finne på andre variantar og vis for dei andre.
- Samle inn chiffonane ved å stå i sirkel att– alle legg attende skjerfa i posen uten å vere nær nokon andre, medan det vert telt ned frå til dømes 10.
Tips! For å dele ut chiffonar til mange effektivt og enkelt, organiser borna i ein sirkel. Alle hentar ein chiffon frå posen i midten uten å vere nær nokon andre, medan det vert telt ned frå t.d. 10. Når ein kjem til 1 skal alle ha kvar sin chiffon og stå på sin plass i sirkelen.
Hensikt
Avhengig av aktivitet kan chiffonen utfordre koordinasjonsevna (auge-hand), sansesystemet (synet og den taktile sansen), krafttilpassing, romorienteringsevna og evna til å fokusere.
Progresjon
Det er meir krevjande å gjere aktiviteten utandørs då chiffonen lett kan bli teken av vinden. Veksle mellom å la chiffonen vere heilt åpen og knytt saman som ein liten ball for å få større vanskegrad. Byt ut chiffonen med erteposar eller ballar som har ulik vekt for å få større utfordring i høve til reaksjonsevnen.
Levert av Høgskolen i Hedmark, En region i bevegelse