Aktivitetsløyper, med postar og praktiske oppgåver undervegs, kan vere ein motiverende måte å få deltakarane til å røre seg rundt i terrenget med ski på beina. Det kan vere i nærmiljøet, på fjellet, i eit skileikområde, i ei ljosløype eller i eit alpinanlegg. Aktivitetsløyper kan vere så mangt og berre fantasien set avgrensingar for hva ein kan få til. Ei aktivitetsløype kan, i tillegg til å ha postar ein skal innom undervegs, vere element som hopp, kular og staup, svingløype, langrennsdel osv. Aktivitetsløyper bør gjennomførast gruppevis.
Hensikt
Grunnleggjande fysiske ferdigheiter, grunnleggjande skiferdigheiter.
Variasjon
Praktiske oppgåver ein kan gjere på postane: Skyte på blink (med frisbee, snøball, ertepose osv), skøyteetappe der ein hentar erteposar, lage ein snøskulptur, køyre ei hinderløype på tid, lengdehopp på ski, stå lengst på ei ski osv. Her treng ein ikkje setje grenser!
Levert av Landslaget for fysisk fostring/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet