American promenade

Dette er ein pardans som vert dansa parvis i stor ring, mot sola.
Ein nyttar enkelt handgrep – guten held fram si høgre hand og jenta legg si venstre hand oppi.  Steg: Gå i marsjtakt.

1.  Start med ytre fot (venstre for guten, høgre for jenta) og gå fire steg framover. (1-4)
Snu 180 grader ved å ta kvarandre i den andre handa,
og gå fire steg bakover i same retning (rygg). (5-8)

2.  Gjenta tur ein, slik at de kjem tilbake til utgangsposisjon. (1-8)

3.  Ta eit sidesteg mot kvarandre og eit sidesteg frå kvarandre. (1-4)
Byt plass med kvarandre ved at guten fører jenta over på si venstre
side med fire gangsteg. Jenta byter plass ved å gå/snu framfor guten
(ansiktet mot guten). (5-8)

4.  Gjenta tur 3, slik at jenta kjem tilbake til høgresida igjen. (1-8)
Gjenta dansen frå start.

Byta partner: Etter at turane er gjennomførte, ventar jentene på gutane som dansa bak dei.

Kortversjon for å kjenna igjen dansen:
1. Fire steg fram – snu – fire rygg
2. Fire steg fram – snu – fire rygg
3. Mot kvarandre – frå kvarandre – byt om plass
4. Mot kvarandre – frå kvarandre – byt om plass

Progresjon

Det er enklast å øva inn dansen ved at ein går parvis på rekkje. Øv først på å gå  til musikken, tel så til 16 og øv på – mot – frå – byt om plass. For dei minste, kan dette vera heile dansen. Vidare går ein til 8  før ein øver på snu og rygg (4-4). Når elevane kan dansen går dei i ring og dansar den med byte av partnar.

Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet