Anne Knutsdotter

Forklaring

Dansen dansast parvis i ring med det ”lette taket” (gutane held hendene fram litt over olbogehøgde og jentene legg sine oppi). Stega ein dansar er attersteg (venstre fot til sides, høgre fot inntil x 2, høgre fot til høgre, venstre fot inntil). Armane følgjer danseretning. Kan også dansast med kvilesteg.

Ein dansar fem attersteg (to steg til venstre og eitt til høgre x 5). Para tek kvarandre i hendene og strekkjer armane ut, kroppane ved sida av kvarandre. Start med venstre fot og hopp 10 hoppesteg rundt, snur og hoppar tilbake. Dei to siste stega trør ein roleg samtidig som ein løyser opp taket og trør på plass (gjerne med svak framoverbøying). Variasjon: Byter partnar ved at guten dansar inn på høgre sida av sin partnar.

Songen

Songen «Eg heiter Anne Knutsdotter» består av mange vers, her er det første:

«Eg heiter Anne Knutsdotter,
Kari er mi mor,
og Truls han er min bror.
Me bur oppå ein plass der som ingen skulle tru
at nokon kunne bu.
Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.»

Progresjon

Dei yngste elevane kan gå med rytme i staden for attersteg. Dei kan og gå rundt utan å hoppa.

Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet