Alle har ein ballong knytt til ankelen/leggen. Det er om å gjere å sprekke ballongen til dei andre, samstundes som ein må passe på sin eigen ballong. Ha gjerne tilgang til fleire ballongar, slik at dei som har mista ballongen sin kan halde fram i leiken.
Ein gjennomfører leiken best utan skistavar.
Hensikt
Her øver ein grunnleggjande skiferdigheiter på ein motiverande og morosam måte.
Variasjon
Ein treng ikkje ski for denne leiken, kan og gjennomførast utan.
Progresjon
Eit større område vil kreve at deltakarane held ut lenger, medan eit lite område vil krevje meir koordinering og skiferdigheiter.
Levert av Landslaget for fysisk fostring/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet