Ballregn

ballregn

Regnmakaren åpnar eit ballnett fylt med små softballar og let ballane regne over deltakarane. Den som samlar flest ballar vert neste regnmakar. Leiken vert avgjort på tid eller når alle ballane er plukka opp. På førehand kan ein lage eit lite avgrensa område til kvar deltakar, til dømes ein rockering. Det avgrensa området skal fungere som lageret til kvar deltakar, på den måten blir det lettare å halde orden på kven som har fanga flest ballar.

Hensikt

Her øver ein grunnleggjande ferdigheiter og balltilvenjing.

Variasjon

Deltakarane kan prøve å samle flest mogleg ballar utan å bruke hendene. Ein kan og bruke mindre ballar som er vanskelegare å samle (t.d.tennisballar).

Progresjon

For å auke intensiteten kan ein leggje «lagera» eit stykke unna der ballane vert slept,  slik at deltakarane må springe meir og lenger.

Levert av Landslaget for fysisk fostring/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet