Bildeorientering

Illustrasjon: Thomas Madsen/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Beskrivelse

Ta bilde av ting eller stader som borna klarar å finne berre ved å sjå på bildet. Skriv ut bilda, og heng dei opp strategisk slik at borna kjem seg gjennom heile bildeorienteringa som ei rundløype. Det kan vere lurt å ha bilda i ei plastlomme for å bevare dei så lenge som mogleg. Denne aktiviteten kan gjennomførast både ute og inne, ute på leikeplassen og i skogen. Det er berre fantasien som set grenser for kor lang løypa vert. Aktiviteten eignar seg godt på aktivitetsdagar og liknande, der borna skal komme seg vidare frå ein post til den neste.

Hensikt

Denne aktiviteten øver romorienteringa og synssansen til borna.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.