Legg bokstavklossane gruppevis på golvet etter antall grupper/deltakarar. Del i grupper med ca. tre personar per gruppe (ikkje for mange då det lett blir lang ventetid mellom kvar gong ein kan springe/delta).
Deltakarane stiller seg opp bak startlinja og ventar på startsignal. Oppgåva er å lage flest mogleg ord innanfor ei tilpassa tidsramme, t.d. tre minutt (også litt avhengig av kor mange bokstavar ein har per gruppe).
Det er fleire variantar for korleis ein kan løyse oppgåva. Til dømes kan ein plukke ut ein bokstav kvar gong ein spring, og må då attende og veksle før neste person kan springe fram og leggje til ein ny bokstav til ordet. Alternativt kan ein få leggje på fleire bokstavar kvar gong ein spring fram.
Tips: Legg inn fysiske tilleggsoppgåver, t.d. at ein må klatre til toppen av ribbeveggen etter at ein har laga eit ord, kaste ein basketball i korga etter å ha laga to ord osv
Hensikt
Utvikle fagkunnskap i ulike basisfag. Utvikle kognitive ferdigheiter og evne til å kommunisere og samarbeide.e.
Variasjon
Ein kan jobbe både individuelt og lagvis. Yngre born kan starte som gruppe og samarbeide om oppgåva.
Progresjon
Varier oppgåva etter målgruppe (alder og kunnskapsnivå).
Levert av Høgskolen i Hedmark, En region i bevegelse