Oppstilling: Stå parvis i ein stor ring (1ar+2ar) med ansiktet vent inn i ringen.
Alle leier kvarandre, løftar hendene opp litt over olbogehøgde (W-tak).
Steg: Gåsteg og hoppesteg.
1. Alle går 4 skritt, eller 1-2-3- hopp på 4. Det same tilbake på plass.(1-8). Gjenta. (1-8).
2 a) Jentene (1arane) går tre skritt inn i ringen og helsar på 4 og går baklengs tilbake på plass. Gutane (2arane) står og klappar i hendene. (1-8).
2 b) Gutane går tre steg inn, hoppar på 4 og klappar i hendene samtidig som dei snur mot høgre og går mot partnaren sin. Jentene klappar. (1-8).
3. Para tek kvarandre i begge hender og dansar rundt på staden med gåsteg eller små hoppesteg. (1-8). Gjenta andre vegen. (1-8).
4. Para held kvarandre i eine handa (jenta legg handa oppi guten si) og marsjerar rundt i ring mot klokka, guten inst. (1-8)x2. Gjenta dansen.
Byta partnar: I staden for å gå ut til eigen partnar, går guten til ny partnar når han har snudd mot høgre (2 b). Dansar no med jenta i paret framfor.
Stikkord for å kjenna igjen dansen:
•Parvis stor ring – alle inn og ut to gonger.
•Jentene inn – gutane klappar.
•Gutane inn – jentene klappar.
•Rundt med partner – snu – andre veg.
•Gå parvis rundt i ring.
Progresjon
Det kan vera lurt å byrje med å øve på å gå til musikken i stor ring – og ut og inn av ringen (fire gonger), veksle på dette. Gå parvis i ring, ta saman og gå ut og inn av ringen (fire gonger). Para tek saman og dansar rundt. Då har dansarane lært grunnelementa i dansen. Det gjenstår berre at jentene går inn ein gong og gutane ein gong. Vent med partnarbyte til elevane kan dansen. Dansen er fin å dansa i små ringar (5-6 par).
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet