Til dødball trengst det ein stor ball som er lett å slå. Gruppa vert delt i to lag, eit ute- og eit innelag. Kven som skal starte ute vert avgjort ved trekking eller ved å kasta mynt.
I den eine kortenden vert det laga ein målstrek (sjå illustrasjon). Bak denne vert det laga ein ring til oppgjevaren og ein strek som deltakarane på innelaget skal stå bak medan dei venter på sin tur til å slå. I uteområdet vert det laga fire ringar med litt god avstand mellom kvar – alt etter alder og kor vanskeleg spelet skal vera.
Ein frå utelaget er oppgjevar og står i ringen bak målstreken. Innelaget skal slå etter tur. Ein skal slå ballen med knytteneven så langt ein kan og deretter springe til første ringen. Dersom det er eit langt slag kan ein velje å springe rundt til alle ringane og inn i mål. Er det eit feilslag stiller ein seg bak målstreken og ventar med å springe til andre slår. Utelaget skal kasta ballen så fort som mogeleg inn til oppgjevaren som dabbar ballen i ringen og ropar «DØD». Dei frå innelaget som då ikkje er inne i ringane eller er bak målstreken er då «døde» og er ute av leiken heilt til ein på laget klarar å springa rundt alle ringane på eige slag. Utelaget kan verta innelag ved å enten fange ballen i lufta eller ved at alle på innelaget er «døde». Sistemann på innelaget har tre slag.
Hensikt
Balleik som utfordrar auge-hand koordinasjon og ballferdigheter.
Variasjon
Dersom det vert for enkelt for utelaget å fange ballen i lufta og det dermed blir ofte skifte mellom ute- og innelag, kan ein bestemme at det ikkje verte bytte av lag før utelaget har fanga ballen til dømes tre gongar.
Progresjon
For å gjere leiken vanskelegar kan ein auka avstanden mellom ringane.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet