Dyreball

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Deltakarane vert delt inn i grupper med ca 5-6 i kvar gruppe. Gruppene står i ring. Den som byrjar seier navnet på eit dyr og kastar ballen til ein annan i gruppa. Den som får ballen må først seie navnet på dyret som akkurat vart nevnt før han eller ho seier eit nytt dyr og kastar ballen vidare til andre i gruppa. Alle dyra som vert nevnt må nevnast kvar gong.

Hensikt

Deltakarane trener hugsen og grunnleggjande kast og ta imot. Dersom ein vel den litt meir avanserte varianten der ein berre nevner dyr innanfor  ein kategori, lærer deltakarane å kategorisere dyr.

Variasjon

For dei eldste deltakarane kan ein gjere øvinga vanskelegare ved at dei berre skal nevne dyr innanfor ein kategori som til dømes husdyr, kjæledyr og skogsdyr. Ein treng ikkje berre bruke dyr, men sjølvsagt leike ved å navngi andre ting dersom ein ønskjer det. Dei eldste kan til dømes navngi ordklassar.

Levert av Landslaget for fysisk fostring/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet