Vi treng ein stor fallskjerm med handtak i sidene. Alle stiller seg rundt og held i kvart sitt handtak (eventuelt i to – dersom det er få deltakarar). Her er det mange ulike aktivitetar vi kan utføre, og under kjem nokre forslag:
Stå i ro, hald fallskjermen i eit godt tak
- Vi skal ut i båt
- Lett bris – små bølgjer
- Nå blæs det litt meir – større bølgjer
- Nå er det storm og store bølgjer
- Nå er det full orkan
- Nokre sit under fallskjermen, medan resten lagar bølgjer – byte
- Vi set oss på huk – reiser oss opp og har hendene over hovudet – ned att (1 – 2- 3 opp att)
- På nytt 5 gonger
- Nå lagar vi hole – armane opp, alle tek fallskjermen bak ryggen og set seg på den
- Når armane er opp skal to og to byte plass
- Når armane er oppe skal vi byte plass etter farge
- Alle dei raude byter plass osv
- Med ball
- Kaste ein ball på fallskjermen, lage små bølgjer og få den til å gå rundt utan at den fell av
- Fleire ballar på skjermen
- Med ball
- Kaste ballar på skjermen – gruppa skal prøve å få den av frå skjermen
- Konkurranse – halve gruppa skal prøve å halde på ballen, den andre halve skal prøve å få den av – t.d. annankvar person
- Gå/jogg rundt fallskjermen
- Lag bølger
- Ein ball skal holdes på fallskjermen
- To baller (hald dei på eller få dei av)
- Dra opp
- Dra ned
- Gå inn i fallskjermen og lag telt
- Ferdig telt
Hensikt
Morosam leik for alle born.
Fallskjermen er veldig fin å bruke for både sjåande og for synshemma. For synshemma er det svært bra å få trent opp grepet, då dei brukar fingrane mykje, noko som gjer at finmotorikken er viktig. Det å øve på fallskjerm og halde i den, gjer at grepet vert styrka...
Progresjon
Start utan ball, legg deretter på èin – og så fleire ballar.
Levert av Høgskolen i Innlandet