Fallskjermen

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Denne aktiviteten krev minst åtte personar for at den skal vere vellukka. Det bør og vere minst to vaksne med, slik at dei kan styre fallskjermen på kvar sin kant.

Her er nokre forslag til måtar å leike med fallskjermen på:

  • Løfte: Heile gruppa løfter fallskjermen opp over hovudet i ståande stilling – i ei rask rørsle!
  • Bytte plass: Gruppa løfter fallskjermen på same måte, og to utvalgde slepper taket, møtest på midten og byter plass.
  • Igloo: Fallskjermen vert løfta høgt opp, alle går tre skritt mot midten, set seg ned på huk og trekkjer sakte fallskjermen ned bak ryggen slik at dei vert sitjande på innsida av duken – kva kan ein gjere inne i duken?
  • Kjempeballong: Fallskjermen vert løfta høgt opp, alle møtest på midten, set seg på huk med fallskjermen inntil føtene.
  • Flygande teppe: Trekk fallskjermen over hovudet i ei hurtig rørsle og slepp. Kva skjer med fallskjermen nå?
  • Karusellen: Alle går, spring, hoppar eller hinkar rundt i ring – begge vegar, som ein karusell.
  • Halde ballongen i lufta: Stram fallskjermen heilt ut, og plasser ein ballong oppå duken. Sjå om de klarar å sende ballongen frå den eine til den andre sida, sjå kor høgt de klarar å sprette den, og prøv eventuelt med fleire ballongar samstundes. Bruk og badeballar og vanlege ballar.
  • Haustvind: Eit barn stiller seg i midten av fallskjermen. Vi lagar vind av ulik styrke ved å riste roleg eller fort med fallskjermen.

Her finst det mange moglegheiter, bruk fantasien til born og vaksne. Syng gjerne ulike songar til rørslene.

Hensikt

Denne aktiviteten er spesielt fin for å øve muskel- og leddsansen (det kinestetiske systemet))

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.ane