Finn rockeringen

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

 

Legg rockeringar utover på golvet. Alle borna finn seg ein rockering som dei skal bruke. Det er nå viktig at borna hugsar kva for ring som er «deira». Når musikken tek til, går alle borna ut av rockeringen og dansar rundt. Når musikken stoppar, skal borna finne att rockeringen dei sto i.

Det er bra om rockeringane har ulike fargar eller ikkje er heilt like, slik at det vert enklare å skilje mellom ringar som ligg ved sida av kvarandre. Vert det vanskeleg å hugse akkurat kva for ring ein sto i, kan ein hugse farge. Den som sto i ein blå ring, må gå til den blå ringen når musikken stoppar.

Hensikt

I denne leiken øver ein den koordinative eigenskapen romorientering.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.