Oppstilling: Parvis med enkelt handgrep i stor ring vendt mot klokka. To par dansar saman. Det første paret legg dei ytre hendene sine opp på skuldrene og paret bak grip hendene med deira ytre hender.
Kan dansast med bytomfotsteg eller reinlendersteg og gåsteg, eller hoppesteg.
Forklaring:
Første tur: (Gå utanfor)
a) Start med ytste fot og dans to bytomfotsteg /reinlendersteg framover. (1-8).
b) Det første paret løyser opp inste grepet men held det ytre (med det andre paret) og går fire steg/hoppesteg i forskjellig retning: utover og bakover frå kvarandre men møtest igjen bak det andre paret. Det andre paret går/hoppar samtidig fire små steg framover og blir det første paret. (1-8). Gjenta første tur slik at ein kjem tilbake til utgangspunktet. (1-8).
Andre tur: (Smygetur)
a) Gjenta dette punktet i første tur (1-8).
b) Det første paret går/hoppar fire steg bakover med det same handgrepet, men med litt nedbøygd haldning. Det andre paret går/hoppar fire steg framover samtidig som dei løftar inste armane og dannar ein port. Det første paret ryggar gjennom porten. Så følgjer det andre paret med rundt ein runde utan å sleppa taket, slik at para har bytt plass. (1-8). Gjenta andre tur slik at ein kjem tilbake til utgangspunktet. 2x(1-8).
Gjenta dansen frå start.
Progresjon
Dansen er enklast å læra med bytomfotsteg og gåsteg, den vert då kalla Latmannsreinlender. Men for dei yngste dansarane kan ein bruka gåsteg i heile dansen. Når dei har lært å dansa reinlender, brukar ein desse stega.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet