Fisken i det raude hav

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

 

Eitt av borna er «fisken i det raude hav» og stiller seg i enden  av området der leiken skal vere. Ein annan må vere hai som skal fange, denne stiller seg på midten av området. Alle dei andre borna stiller seg langs ei linje i den andre enden av området.

Så ropar borna som står samla:

» Fisken i det raude hav,

Kva farge må vi ha

for å komme over,

Sjølv om fisken søv?»

«Fisken i det raude hav» som står i enden av området, ropar ein farge, og dei som har denne fargen på kleda sine, kan gå fritt over, medan dei andre må prøve å komme seg over utan å bli teken av haien. Dei som vert tekne, blir hai og med på å fange resten. Leiken held fram til èin er att. Denne kan då vere «fisken i det raude hav» i neste omgang og bestemme kva farge som skal ropast opp.

Hensikt

I denne jage/fangeleiken øver ein barna si reaksjonsevne, og høyrsels- og synssans.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.