Flygandede teppe

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

 

Finn fram eit teppe, og la borna setje seg på. 2-3 barn om gongen kan vere høveleg. Den vaksne byrjar å dra borna bortover golvet. Etter kvart kan borna dra kvarandre.

Varier farten ved vekselsvis å gå eller springe:

– rett fram

– i sikksakk

– i åttetall

Borna kan variere vanskegraden ved å:

– sitje på rumpa

– stå på kne

– liggje på magen eller ryggen

– stå oppreist

– variere med og utan bind for augene (ver varsam; ikkje for stor fart her!)

Er det to vaksne saman, kan ein og ta tak i kvar sin ende av teppet, la eit barn setje seg opp i det «flygande teppet» og kaste det opp og ned. Pass på å ha mjukt underlag, som tjukkas, matter, puter eller liknande.

Hensikt

I denne leiken vert spesielt barnet sin likevektssans utfordra..et.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.