Føle- og kjenne-løype

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Barnet skal ha bind for augene og vert ført gjennom ei løype. Det er viktig at barnet blir fulgt av ein vaksen som det kjenner, slik at det føler seg trygg. Barnet gjettar kva det tar på.

Døme på postar:

– kjenne på kaldt og varmt vatn. To bøtter med vatn

– kjenne på hard og mjuk ting. Til dømes legokloss og bamse

– kjenne på lett og tung ting. Til dømes liten, oppblåst ballong og rund stein eller kule

– kjenne på ruglete og glatt ting. Til dømes nuppeball eller piggball og tennisball

– kjenne på fin og grov ting. Til dømes fjør og grankvist

Denne sanseløypa kan fint tilpassast høyrselssansen med til dømes ulike lydar, eller smakssansen med ulike smakar. Gjer det vanskelegare ved at barnet må balansere på benkar mellom postane.

 

Hensikt

I denne sanseløypa vert ikkje berre barnet sin berøringssans utfordra, men det er og ei fin øving i å la andre føre ein.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfatterne av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.