Før start legg ein «byggjeklossane» (i dette høvet lange fyrstikker) ut gruppevis. Deltakarane jobbar individuelt eller i par. Mindre born kan starte i gruppe og samarbeide om oppgåva.
På illustrasjonen har deltakarane fått i oppgåve å lage eit høgast mogleg byggverk innanfor ei gitt tidsramme. Det kan vere lov til å leggje på eitt element (t.d. ei fystikk) av gongen eller fleire per gong. Andre oppgåver kan vere å forme ulike geometriske figurar.
Hensikt
Føremålet er å utfordre strategiske evner, kognitive ferdigheiter og evne til å samarbeide. Trening for å halde ut.
Variasjon
Varier fråstand frå startområdet til byggjeområdet. Varier og materiale deltakarane skal byggje med. Utfordre dei gjerne til å finne ting sjølve som dei skal bruke til å byggje med.
Levert av Høgskolen i Hedmark, En region i bevegelse