For å leike denne leiken treng ein ein bygning som ikkje er altfor høg (evt. eit høgt og tett gjerde) og ein liten ball. Deltakarane deler seg i to lag, eitt på kvar side av huset. Det må vera minst to på kvart lag og helst ikkje meir enn 7-8 stk. Leiken går ut på at deltakarane kastar ballen fram og tilbake over taket. Når eitt av laga har klart å ta tre hys (det vil sei at ein tek i mot ballen utan at den går i bakken), skal dei lura seg, eller springa rundt på andre sida av huset og prøva å kasta ballen på ein av motstandarane. Den dei treff skal gå over på det andre laget. Slik held ein fram til alle er kommen over på eitt lag. Leiken vert også kalla Takhys eller Ball over tak.
Hensikt
Her vert kast, mottak og rekasjonsevne øva på ein spanandes måte.
Levert av Liv Ingrid Grov