Her blir ein person ståande i midten som «haien» , medan resten deler seg inn i grupper, og stiller seg gruppevis rundt haien. Det kan vere greit å merke området der gruppene står! Før leiken byrjar finn gruppene navn på kva/kven dei er. Dette kan vere fiskenavn, dyrenavn osv alt etter kva ein ønskjer. Leiken går ut på at «haien» står i midten og ropar ut laga etter tur, og så skal dei «symje» rundt haien. Når dei har symt rundt ei stund ropar haien: «HAIEN KJEM» og då må alle springe heim til plassen sin før haien klarar å fange nokon. Dei som blir tekne vert og haiar, og hjelper til med å fange fleire neste runde. Etter kvart som fleire og fleire blir tekne, er det vanskelegare for dei som er att å kome seg heim før haiane tek dei.
Dersom det er mange deltakarar kan det vere lurt å utvide leikeområdet. Det kan gjere at deltakarane ikkje spring oppå kvarandre og at det heile får ein betre flyt. Varier retninga fiskane må symje rundt haifeltet. Hugs å ha gruppene sin «heim» tydeleg merkt slik at det ikkje blir diskusjon på om ein er komen heim eller ikkje når haien kjem.
Hensikt
I denne leiken øver ein å halde ut, reaksjonsevne og strategitenking.
Variasjon
Øvinga kan og gjennomførast på ski.
Progresjon
For å gjere leiken meir krevjande kan deltakarane få beskjed om at dei berre kan springe når dei er utanfor basen sin, det er ikkje lov å gå. Ein kan og finne andre måtar å bevege seg på, som t.d. å krabbe, hoppe, rygge osv. La gjerne borna få bestemme måten..
Tilpasningsmuligheter
Dersom ein har med deltakarar med rørslehemningar kan ein innføre at ein gjennomfører øvinga ved å gå. Dersom vedkomande er hai kan ein innføre at fiskane må vere to og to, og leie kvarandre.