Hauk og due

Hauk_due_750

Ein deltakar vert vald til hauk, ein til duemor og resten er duer. Hauken står i midten, duemor på den eine sida, og duene på den andre sida av eit område som er avgrensa på kvar side, der duene er ”fri” frå å kunne bli tekne av hauken. Storleiken på området er avhengig av kor stor gruppe ein har. 20-40 meter er god fråstand mellom linjene.

Duemor ropar: ”Alle mine duer kom heim og et!” Duene svarar: ”Vi tør ikkje for hauken tek oss”. Duemor: ”Kom likevel!” Då spring duene. ”Duene” skal springe frå ein strek eller eit felt over til eit anna utan å bli teken på av ”hauken”. Dei som blir teken av ”hauken” blir sjølve ”haukar” og skal fange dei andre ”duene”. Det kan være naudsynleg at ein vaksen hjelper til å få i gang ropet frå duemor og svara frå dueungane.

Det er viktig å hugse på at den som er duemor vert ståande mykje i ro, så det kan med andre ord vere lurt å byte på denne rolla slik at alle får rørt på seg.

Hensikt

Ein tradisjonell jage- og fangeleik med fleire moglegheiter for variasjon og strategitenking.

Variasjon

Høver og godt på skøyter og på ski, då uten stavar. Høver og med ball der hauk og/eller duer må stusse ballen ved forflytting.

Progresjon

For å gjere leiken meir utfordrande kan ein auke fråstanden mellom duene og duemor.

Levert av Landslaget for fysisk fostring/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet