Helikoptersnurr

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

 

La borna stå med godt mellomrom. Dei skal nå leike at dei er helikopter og skal ta mange helikoptersnurrar. For å snurre som helikopter, strekkjer ein armane rett ut og snurrar fort rundt.

Etter kvart som borna har prøvd å snurre litt, kan ein til dømes variere mellom:

  • Natthelikopter – lukke augene når ein snurrar
  • Baby-helikopter – set seg på rumpe, strekkjer beina opp i været og snurrar rundt ved hjelp av hendene
  • Bestemor-helikopter – snurrar rundt i roleg fart
  • Ballerina-helikopter – står på tå med armane opp i været og snurrar rundt
  • Redningshelikopter – snurrar raskt rundt

Sjå an kor mange helikopter de presenterer i starten. Finn og på nye helikopter saman med borna.

Leiken kan og brukast saman med musikk. Når musikken stoppar, skal borna til dømes vere «ballerina-helikopter».

 

Hensikt

Å øve den motoriske ferdigheita å snurre, samt å utfordre balanse og likevektsbalanse.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boka "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.