Forklaring
Deltakarane går saman to og to, para stiller i ein stor ring med ansiktet mot kvarandre. Stega ein nyttar er fotbyte og sidehopp.
A) Para held kvarandre i hendene, guten (toaren) med ryggen mot sentrum. Med eit lite hopp set begge venstre fot fram med hælen i golvet (Herr Smett) Gjenta med høgre. Så følgjer fire slike fotombytingar i dobbelt tempo. Gjenta desse hoppa medan du syng linja om igjen.
B) Hopp åtte sidehopp mot klokka og åtte tilbake igjen medan ein syng resten av verset.
Song
A) Herr Smett, herr Smett, eg trur du har forlova deg?
Herr Smett, herr Smett, eg trur du har forlova deg?
B) Ritsj, ratsj fillebom bom bom,
fillebom bom bom, fillebom bom bom.
Ritsj, ratsj fillebom bom bom,
vil du være med så kom.
Progresjon
Det er enklast å læra songleiken ved at elevane står parvis etter kvarandre på ei lang rekkje og at ein hoppar i same retning heile tida. Gjerne støttesyng: ”å seint – å seint – å fort – å fort – å fort – å fort”. Dette er polkarytme og er fin å repetera/læra før ein t.d. skal læra strekkpolka.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet