Til denne leiken må ein minst vera seks personar, og helst ikkje fleire enn tre-fire på kvart hushjørna. Ein deltakar «har den» og skal prøva å tikka ein av dei andre. Dei kan unngå å bli tekne ved å springa til eitt av hjørna. Då må ein av dei som står der springa ut. No er det den som skal tikkast. Vert ein teken, er det denne deltakaren sin tur til å ha tikken. Slik fortset leiken.
Variasjon
Passer også godt på skøyter og på ski, då utan staver og innafor eit avmerka område.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet