Naturløype

natursvineri

Merk ei løype med band. Legg ut ting som ikkje høyrer heime i naturen som t.d. flasker, paraply, pose, o.l. Borna skal gå rundt løypa og leite etter ting som ikkje høyrer heime i naturen. Anten kan det skrivast ned, teiknast eller verta hugsa til ein kjem attende til mål for å rapportere det.

Hensikt

Orientering og grunnleggjande ferdigheiter i friluftsliv og utforsking

Variasjon

I staden for å lage ei løype kan ein avgrense eit område. Borna kan då springa rundt på området i ei bestemt tid og finne/hugse flest moglege ting som ikkje høyrer heime der. Dei kan rapportere når dei kjem i mål eller tida har rent ut.

Progresjon

Auk vanskegraden på terreng. Dei eldre borna kan bruke forenkla kart.

Levert av Landslaget for fysisk fostring/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet