Isbjørnen søv

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

 

Finn ei ope slette eller ei isflate og avgrens leikeområdet ved å markere hjørna med fire stavar (ca. 20*20 meter). To frivillige vert utvalgde som isbjørnar. Dei set seg på huk i midten av området. Alle deltakarane går i samme retning rundt isbjørnane og syng «isbjørnen søv» («Bjørnen sover»). Dei som er utanfor det oppmerka området når isbjørnen vaknar, vert automatisk isbjørnar. Den siste som vert teken,  kan vere isbjørn i neste runde og velge seg ein makkar eller velge to nye isbjørnar.

Er det vanskeleg å gjennomføre leiken med ski på beina, kan ein ta av den eine.

Hensikt

Denne leiken utfordrar reaksjon, synssansen og romorientering hos borna. Høver fint til ski- og skøytetilvenjing.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.