Borna står på ei rekkje etter kvarandre med hendene på skuldrene til dansaren framfor. Stega ein dansar er jenkasteg og hoppesteg.
Forklaring:
1) Ta to hæltrinn med venstre fot (v. fot ut på skrå samtidig eit lite hopp på h. fot). (1-4). Ta to hæltrinn medhøgre fot. (5-8).
2) Gjer eit hopp med samla bein framover og eitt hopp bakover. (1-4). Gjer tre hopp framover (5-7), pause (8) (5-8). Gjenta dansen.
Borna held kvarandre på skuldra og dansar jenka i bukter, halvsirkel eller sirkel. Del gjerne opp i mindre rekkjer. Borna byter om å leia dansen. Ein kan og dansa frå rom til rom.
Progresjon
Jenkadansen kan ein læra inn ved at borna står fritt i salen og hermer etter den vaksne, eller ved at alle står på ei linje langs langveggen. Den vaksne står eit stykke framfor og dansar, borna hermer. Når alle meistrar dansestega går ein inn på ei rekkje.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet