Kaste i posen

Illustrasjon: Thomas Madsen/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

 

Heng ein pose opp i eit tre og teikn opp ein strek eit lite stykke unna. Varier høgda og lengden etter barnegruppa. Pass på at opninga på posen er ganske stor, slik at det ikkje vert for vanskeleg å treffe.

Det er nå om å gjere å treffe i posen med ballen eller det ein kastar. Ein kan og teikne opp fleire strek, slik at det til dømes gir 10 poeng å kaste lengst unna, medan det vert gitt eitt poeng dersom ein vil stå heilt framme. Bli einige om kor mange kast kvar deltakar har, før ein byter.

Hensikt

I denne leiken øver borna på å kaste med tilpassa kraft.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.