Alle står i ring, bortsett frå eit barn som er katt og eit anna som er mus. Musa startar inni ringen og katten utanfor. Dei som står i ringen skal hindre katten i å ta musa, og hjelper musa ved å stenge for katten. Musa må få smette ut og inn av ringen, slik at katten ikkje får tak i den. Slik held ein på til musa er fanga. Då får to andre vere katt og mus.
Det kan vere lurt å hjelpe katten av og til, slik at det vert spenning i leiken.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet