Kjerringa med staven

Beskrivelse

Alle deltakarane stiller på ei lang rekkje. Stega ein dansar er springesteg i moderat tempo med markering av takt (tung-lett-lett).

Forklaring del 1:
Den første i rekkja leiar og trekkjer med seg dei andre i bogar og sirklar og smett gjennom rekkja og dreg dei andre med seg. Den vaksne leier til alle kan dansen. For kvart nytt vers kan ein skifta leiar ved at den fremste spring bak og hektar seg på rekkja.

Forklaring del 2:
Ein kan òg laga ”port”. Då stoppar dei to første opp, tek kvarandre i hendene og lagar port som dei andre spring gjennom. Dei som laga porten hektar seg på slutten av rekkja, og ein har fått ny danseleiar.

Song

Kjerringa med staven,
høgt oppi Hakadalen.
Åtte potter rømme,
fire merker smør,
såleis kinna Kari,
Ola hadde før.
Kjerringa med staven.
Kjerringa med staven.

(Finst fleire vers)

Progresjon

Deler av dansen høver for alle aldrar. Når alle er kjende med dansen, kan ein også dela opp i mindre rekkjer (6-8 stk.). Då kan det òg vera lov å smetta gjennom andre sine rekkjer. Dette fører oftast til artige, uløyselege ”flokar” – og ein må starta om att. Ein kan også dansa inn og ut av ulike rom om det høver. Når ein dansar kan ein leggja vekt på valserytme.

Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet