Klatre i «liksomtre»

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

 

Ein vaksen (med ein kropp som «tåler» å bli klatra på) står som «klatretre», med føtene godt planta i bakken. Knea bør ha litt bøy, og føtene bør vere litt frå kvarandre, slik at «treet» vert stabilt.

Barnet byrjar med å klatre opp på ryggen til den vaksne. Frå der skal barnet prøve å klatre rundt «treet» utan å trakke i bakken, ved å klamre seg inntil den vaksne på best mogleg måte. Når barnet har kome seg rundt eller har klatra ei stund, kan eit anna barn prøve.

«Treet» hjelper til med hendene om det skulle vere vanskeleg å klatre rundt.

Prøv og å la barnet klatre opp på «toppen av treet» (skuldrane). Barna må då halde hendene til den vaksne. Etter kvart som barnet får føtene på skuldrane, kan den vaksne halde godt rundt anklane til barnet. Barnet kan og sitje på «toppen av treet» (skuldrane).

Står ein på alle fire, er det eit «velta tre». Barna må nå klatre opp ved rota (beina) for å kome seg opp på «stamma» (ryggen). Klarar dei lett å stå, kan dei prøve å gå bortover «stamma» og hoppe ned att når dei kjem til skuldrane.

Hensikt

Å øve den motoriske ferdigheita klatring.ing.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.