Kommandørgrisen

I denne øvinga skal kommandøren gi ulike signal som borna skal reagere på.

Still deltakarane opp på midtlinja. Her skal dei lytte (med ryggen til) eller sjå på «kommandøren». På signal skal dei t.d. ta eitt skritt fram, eitt skritt attende eller leggje seg ned på bakken. Siste person som reagerer eller gjer feil handling vert merkt med ein bokstav i ordet «GRIS». Kommandøren avgjer kven som blir merkt dersom det er veldig jevnt.

Alternativ til signal kan vere:

  • høgre/venstre arm eller fot
  • farge på lappar
  • fløytesignal
  • klapp

Alternativ til handling:

  • eitt skritt fram/attende
  • spurt fram/attende
  • spensthopp
  • ned på mage/rygg
  • vendingar
  • alternative løyper ein må springe

Kommandørgrisen

Hensikt

Føremålet med denne øvinga er å utfordre konsentrasjonsevna og reaksjonsevna til borna og deira evne til å utføre ulike handlingar på ulike signal.

Variasjon

Prøv med fleire ulike typar signal samstundes. Då må borna  konsentrere seg veldig for å utføre korrekt handling. Øvingane kan og gjerast med ball, på ski, skøyter, i vatn osv.

Levert av Høgskolen i Hedmark, En region i bevegelse