Forklaring
Gruppa stiller seg i ring eller i ein halvsirkel. Dansen blir dansa med det ”lette taket” eller ved at ein leier kvarandre og løftar armane opp litt over olbogehøgde. Stega ein dansar er færøysteg (mellomting mellom attersteg og kvilesteg) på skrå etter ringen.
Gå to steg sidelengs på skrå mot venstre, avslutt ståande på venstre fot samtidig som du vender litt mot høgre, la høgre fot henga i lufta, gå eitt steg mot høgre, vend mot venstre, la venstre fot henga i lufta. Gjentek stega under heile dansen (stoppar ikkje mellom versa). I færøystega ”trør” og sviktar ein meir i stega, enn i atterstega. Armane svingar med i dansen.
Song
«Og mannen han gjekk seg i vedaskog,
– hei fara i vedaskog.
Då sat der ei kråka i lunden og gol.
– Hei fara. Faltu riltu raltura.
Mannen han tenkte med sjølve seg;
– hei fara med sjølve seg
Skal tru no den kråka vil drepa meg?
– Hei fara. Faltu riltu raltura.
Og mannen han snudde om hesten sin,
– hei fara om hesten sin.
så køyrde han heim att til garden igjen.
– Hei fara. Faltu riltu raltura.»
Det finst mange fleire vers, og resten av historia står under her. Hugs å settje inn «Hei fara» og Hei fara. Faltu riltu raltura» der det høyrer heime.
Å høyr, du min mann, kva eg spøre deg: «Kvar vart det av veden du køyrde til meg?» «Eg køyrde no slett ingen ved til deg, for kråka ho svor ho sku drepa meg.» «Å no har eg aldri høyrt større skam! Har du høyrt at ei kråke har drepe ein mann?» Men kråka kom etter på taket og gol, og mannen hen opp gjennom ljoren for. Og mannen han spente sin boge for kne, så skaut han den kråka, så ho datt ned. Så spente han føre dei folane ti; men kråka ho sprengde alle di. Så spente han føre dei folane tolv, så køyrde han kråka på låvegolv. Så flådde han kråka og lema ho sund, ho vog innpå seksten og tjue pund. Av skinnet så gjorde han tolv par skor, det beste paret det gav han til mor. Og kjøtet han salta i tunner og fat, og tunga han hadde til julemat. Av tarmane gjorde han tolv par reip, og klørne han brukte til møka-greip. Og nebben han brukte til kyrkje-båt, som folk kunne sigla på frå og åt. Og munnen han brukte te mala korn, og øyro han gjorde til tutar-horn. Av augo så gjorde han stoveglas og nakken han sette på kyrkja til stas. Og den som kje kråka han nytta så, han er ikkje verd ei kråka å få.
Progresjon
Med dei yngste går ein berre rytmisk etter songen og legg vekt på snirkling av rekkja eller bukting av ringen. Etter kvart går ein vidare til attersteg på linje, halvsirkel eller ring. Stega utviklast til slutt til færøysteg. Leiarane styrer buktinga av ringen slik at me kjem tett innpå kvarandre, eller dei slepp personen til venstre for seg og gjer ringen om til ei tett samanpakka rekkje.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet