Lasse går i ringen

Forklaring

I denne dansen stiller ein parvis i ring med V-tak (leier kvarandre).

a) Marsjere parvis mot klokka
b) Vend parvis mot kvarandre og gå ei lita kjede: Gi høgre hand din make (partnaren), fortsett forbi denne, slepp taket. Gi venstre hand din granne: den neste du møter, gå forbi og slepp taket.
c) Legg armen om den tredje: guten (toaren) legg armen om livet på jenta (einaren) og jenta legg venstre hand på skuldra til guten (eller arm i arm). Når elevane har lært dette, la ein av elevane vera ”Lasse”. Den som er Lasse (gut eller jente) går inne i ringen i motsatt retning. (Han/ho kikkar på jentene/gutane) for å sjå kven ein skal velja). I det dei andre er i ferd med å avslutta kjeda og skal så armen om den tredje, smett Lasse inn og kaprar seg partnar – og det er ein ny Lasse.

Song

a)
«Lasse går i ringen og så promenerer vi.
Lasse går i ringen og så promenerer vi.
Og så promenerer vi ha ha.
Og så promenerer vi ha ha.
Lasse går i ringen og så promenerer vi.
b)
Gi høyre hånd din make,
og venstre hånd din grande,
c)
legg armen om den tredje og så promenerer vi».

(Når ein syng om igjen, sløyfer ein dei to første linjene og bryjar rett på «Og så promenerer vi ha ha»).

 

 

Progresjon

Gå parvis i ring og syng verset nokre gonger. Øv på kjeda før ”Lasse” går inn i ringen. Her lærer ein å gå i kjede som kjem igjen i Seksmannsreel.

Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet