Borna står parvis i ein stor ring. Para held kvarandre i begge hender.
Stega ein dansar er jenkasteg og hoppesteg.
Forklaring:
1) Ta to hæltrinn med venstre fot (v. fot ut på skrå samtidig eit lite hopp på h. fot). (1-4). Ta to hæltrinn med høgre fot.(5-8)
2) Gjer eit hopp med samla bein mot kvarandre og eitt hopp frå kvarandre. (1-4). Gjer tre hopp framover til ny partnar (guten på utsida av sin partnar, jenta på innsida). (5-8)
Gjenta dansen.
Progresjon
Lær først vanleg jenka. Den kan ein læra inn ved at borna står fritt i salen og hermer etter leiaren, eller ved at alle står på ei linje langs langveggen medan leiaren står eit stykke framfor med ryggen til. Når dei kan stega går ein inn på ei rekkje. Borna held kvarandre på skuldra og dansar vanleg jenka før ein går i ring. Para held kvarandre i hendene og dansar letkajenka i ring og byter partnar for kvar gong ein startar jenkastega på nytt.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet