Dette er ein enkel dans der ein valfritt kan telja til fire eller åtte. Still på rekkjer, skulder mot skulder med litt avstand.
1) Høgre fot fram og tilbake til utg.punkt (tell 1-2), så venstre fot fram og tilbake (tell 3-4). Gjer dette to gonger (tell 5-6-7-8)
2) Ta så to ”tap” fram og to bak med høgre fot (tell 1-2, 3-4). Deretter tek du høgre fot fram, til høgresida, bak og til høgresida igjen (tell 5-6-7-8).
3) Så kjem fire slå-slag på fot m/vriding samstundes: Før høgrefoten bak og slå på sko med venstre hand. Før foten tilbake igjen til høgre og slå på sko med høgre hand. Før så høgre fot på framsida bort til venstre hand og slå, og før så foten tilbake igjen til høgre og slå med høgre hand. ( tell 1-2-3-4 for kvart slag). På andre slaget vrir du deg til venstre, og fullfører vridinga under 3 og 4 til du er komen 90° rundt. (Krev balanse, då denne operasjonen skal gjerast ståande på venstre fot).
4) Etter siste slaget på høgrefoten, set du den ned til høgre. Før så venstrefoten etter og sett den ned bak og litt forbi høgrefoten til høgre (tell 6). Høgrefoten blir sett endå lengre til høgre og venstrefoten blir ført opp bak og høgre hand slår på skoen. (tell 7-8). Gjer så det same motsett veg: Sett venstre fot ned til venstre. Før så høgre fot bak venstre fot (2), og venstre foten endå lengre mot venstre (3) før du slår høgre sko mot venstre hand bak ryggen (4). Sett høgre fot framfor deg og ”dra” venstrefoten etter (tel 5-6). Gjenta dette endå lengre framover (tel 7-8). Gå fire steg på staden mens du vrikkar på hoftene. (tell 1-2-3-4).
Gjenta stega over om igjen og om igjen heile songen gjennom.
Det er viktig at songen ikkje går for seint, men at det er litt drivrytme. Pass på at rekkene er beine!
Progresjon
Alle deltakarane på ei/to linjer – hermer etter leiaren som står eit godt stykke framfor med ryggen til. Øv kvar takt/sekvens (1-4) – set saman etter kvart. Øv utan vendingar til deltakarane kan sekvensane – så med vendingar. Bruk musikk frå starten av – og øv heller vanskelege sekvensar utan musikk om nødvendig.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet