Memorystafett

Leikprega aktivitet der ein trenar ulike basisferdigheiter ved bruk av spelkort. Kan brukast i alle fag og på alle nivå der målet er å tileigne seg ny kunnskap. Memorykorta består av laminerte ark med oppgåver/svar på kvar si side av kortet. Oppgåve og svar samsvarar ikkje på det enkelte kortet, men ei oppgåve på eitt kort finn ein svar på i eit anna kort. Det er først når ein har samla inn alle korta at ein finn ut om ein har løyst oppgåvene  rett. Då skal baksida på det første kortet som er henta, stemme med oppgåva på det siste kortet – om ein legg korta oppå kvarandre i den rekkefølgja ein har utført det.

Førebuingar:

Før start legg ein korta ut på golvet med lik side opp (velg om dei skal sjå «raud» eller «blå» side – les meir her: MAL Memory INFORMASJON), éin bunke per lag med litt fråstand mellom kvarandre. Deltakarane stiller seg opp bak ei startlinje litt unna og ventar på startsignal.

Slik gjer ein:

  • Førstemann spring fram og hentar eit tilfeldig kort, tek det med seg attende til laget sitt, viser «baksida» av kortet til neste på laget (her er det ei oppgåve som denne personen skal finne svaret på ved å hente rett kort) og legg så kortet ned på bakken ved startlinja (med motsett side opp i høve til det som ligg i bunken der kortet vart henta)
  • Nestemann hentar det kortet som gir svar på/høver saman med kortet som første person henta, viser baksida til nestemann på laget og legg kortet ned på bakken oppå det første kortet (med same side opp)
  • Når alle korta er samla inn og lagt oppå kvarandre kan ein kontrollere at ein har gjort alle oppgåvene rett ved å sjå om oppgåva på det siste kortet stemmer med svaret på det første

Ein enkel og morosam måte å lære på!

Memorystafett

Print ut eit av forslaga her og prøv!

Vedlagt ligg malar for 6, 12, 24 og 58 kort i tillegg til nokre ferdige oppgåver for ulike målgrupper.

Les denne informasjonen om korleis ein brukar malane før du startar å lage eigne memorykort: MAL Memory INFORMASJON

 

Maler for ulikt antall spellkort:

6 kort: MAL Memory UTFYLLING 6 kort

12 kort: MAL Memory UTFYLLING 12 kort

24 kort: MAL Memory UTFYLLING 24 kort

58 kort: MAL Memory UTFYLLING 58 kort

 

Ferdig utfylte spellkort:

Barnehage telleing 6 kort

Barnehagelogikk

Naturen

Alfabetet

Farger – Engelsk

Mattestafett

Tegneserier

Hensikt

Eigner seg godt i fag der ein må pugge for å lære innhaldet. Utvikler kognitive eigenskapar.kaper.

Variasjon

Denne organiseringsforma kan nyttast i barnehagen ved bruk av bilde/symbol og i alle fag i skolen, som til dømes ved innlæring av alfabetet, pluss og minus i matte, brøkar, land/hovedstader i geografi osv. Ein kan jobbe individuelt eller lagvis – som stafett. Det kan vere ulike antall kort avhengig av kor vanskeleg øvinga skal vere..

Progresjon

Aktiviteten kan gjennomførast i ro ved eit bord, eller i aktivitet både individuelt, parvis eller gruppevis. Val av faginnhald avgjer kven stafetten passar for.

Levert av Høgskolen i Hedmark, En region i bevegelse