Onkel Skrue

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

 

Forteljing

Det har gått hol  på pengebingen til Onkel Skrue, og han må flytte pengane sine til ein annan pengebinge på andre sida av byen. Men dette tek mykje tid, for Onkel Skrue har VELDIG mykje pengar (men vil ikkje bruke mange pengar på flyttinga). Onkel Skrue har derfor funne ut at han skal spørje borna i [Namnet på barnehagen] om dei kan hjelpe han. Han kjem til å stå på toppen av pengebingen sin og kaste pengar ned til borna, deretter må pengane plasserast trygt i den nye pengebingen. Kan de hjelpe til med dette oppdraget? Her er det viktig med skikkeleg samarbeid!

Beskrivelse

Ein person er Onkel Skrue (til å begynne med gjerne ein vaksen). Vedkomande står på ein krakk med mange erteposar. Borna står rundt. Onkel Skrue kastar èin og èin ertepose til eitt og eitt barn. Barnet tek imot for så å frakte «pengane» bort til ein tummelumsk (bøtte/kasse), som står til dømes 10-12 meter bortanfor. Når det er tomt for erteposar, er pengane trygt plassert i den nye pengebingen. Til slutt tel ein alle «pengane» høgt saman med borna.

Hensikt

I denne leiken øver vi  på dei motoriske ferdigheitene å kaste og å ta imot.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.