Forteljing
Kva er det beste de likar å ha på pannekaker til middag? Nå skal vi late som om vi er pannekaker, og så skal vi rulle oss i blåbærsyltetøyet som ligg klart på mattene, frå eine enden til den andre. Dersom vi vil ha på lite blåbærsyltetøy, kan vi rulle fort. Men dersom vi vil ha på mykje, må vi rulle sakte ned «blåbærbakken». Og dersom vi vil ha på ekstra mykje, kan vi prøve å rulle begge vegar for å få to lag med blåbærsyltetøy på oss.
Beskrivelse
Vi plasserer tre matter etter kvarandre slik at borna har ei lang matte å boltre seg på. Dette kan vere flatmark eller i skrå bakke. Borna står i ei lang rekkje og rullar etter tur i blåværsyltetøyet eller dei andre tinga dei likar på pannekaka.
Her kan ein gjerne lese eventyret om pannekaka for å trekkje inn forteljingar som kan vere med å skape inspirasjon.
Hensikt
Å øve den motoriske ferdigheita rulling.
Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.