Pariserpolka

Pariserpolka

Dansen vert dansa parvis i ein stor ring med enkel handfatting vend mot klokka. Kavaleren har jenta på si høgre side.

  • 8+ år
  • Gruppestørrelse: 2+
  • Varighet: 20 min
  • Tradisjonslek
  • Dans
  • Åpen plass
  • Gymsal / Idrettshall
  • Innerom

Slik gjør du

Stega ein dansar er gåsteg og bytomfotsteg.

Forklaring Første tur:

a) Para går tre steg fram, vende mot kvarandre og set foten inntil på 4 (1-4) (Begge startar med ytste fot). Gjenta tilbake til utgangspunktet. (1-4)

b) Gå to bytomfotsteg framover i danseretning. (1-4) (Begge startar med ytste fot).

c) Guten held jenta om livet, jenta legg hendene på skuldrene til guten. (1-4) Gå rundt to gonger på 1-2-3-4. Viktig å gå tidleg inn i snurringa. Gjenta dansen frå byrjinga og lær første turen godt før ein går vidare på dei neste turane.

Pariserpolka vert ofte dansa med berre denne turen.

Variasjon på første tur: Del a) skal dansast likt, berre at ein i staden for å setja foten inntil på 4, svingar ein denne over den andre foten og klappar samtidig i hendene.

Forklaring andre tur:

a) Para går tre steg framover samtidig som dei snurrar rundt frå kvarandre. (Guten snur mot venstre, jenta mot høgre). På 4 set dei foten inntil og og klappar i hendene.(1-4) Gjenta tilbake til utgangspunktet (Guten mot høgre, jenta mot høgre). (1-4)

b) Som i første tur. (1-4)

c) Som i første tur. (1-4)

Forklaring tredje tur:

a) Para tek kvarandre i hendene og går under armane samtidig som dei går tre steg fram. På 4 set dei foten inntil (1-4). Gjenta tilbake til utgangspunktet.(1-4)

b) Som i første og andre tur. (1-4)

c) Som i første og andre tur. (1-4)

Progresjon

Første turen i denne dansen kan ein gjera enkel slik at dei minst borna kan dansa den. I staden for bytomfotstega brukar ein då gåsteg. Når ein skal gå rundt, kan para halda kvarandre i hendene og gå rundt berre ein gong. Det er enklast å stå parvis på rekkje når ein lærar dansen. Når turane er innøvd, kan ein gå i ring. Det viktig å påpeika at den som fører (guten) går raskt inn i snurringa og at ein går rundt (ikkje hoppar).

Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet