Forklaring
Gruppa stiller seg parvis i ein ring og held kvarandre i hendene, ansiktet vendt mot sentrum.
Songen
Har du sett Per Sjuspring dansa?
Har du sett Per Sjuspring dansa?
Trur du ei han danse kan.
Han dansar som ein adelsmann.
Det var ein.. (Gjenta songen og fortset med to, tre osv.)
Nå teksten vert sunge, gjer ein dette:
«Har du sett Per Sjuspring dansa?»: Alle spring mot venstre.
«Har du sett Per Sjuspring dansa?»: Fortset mot venstre.
«Trur du ei:» Snu mot eigen partnar og hytt med høgre peikefinger.
«-han danse kan:» Snu deg mot framand partner og hytt med venstre peikefinger.
«Han dansar som:» Snu deg mot egen partner og hytt med h. pekefingeren.
«-ein adelsmann:» Snu deg mot framand partnar og hytt med v. peikefingeren.
«Det var ein..»: Ta saman i ring og sett eine foten inn i ringen med eit tramp.
Gjenta songen og fortset med to, tre osv. «Ein»-ein fot inn, «To»-andre foten, «Tre»-eit kne, «Fire»-andre kne, «Fem»-ein olboge, «Seks»-andre olboge, «Sju»-hovudet. I siste verset syng ein som før til og med ”adelsmann”. I staden for å gjenta alt, syng ein bare: ”Det var alt”.
Progresjon
Her treng ein ikkje forklara eller visa noko, deltakarane hermer etter leiaren – det krev god konsentrasjon. For dei yngste kan dette vera øving i å telja (1-7) og retningsendring, høgre-venstre. Legg vekt på at deltakarane ser på kvarandre og prøver å vera overtydande når dei hyttar med fingeren – trening i å sjå andre i augo og mima – viktig for alle aldersgrupper. Når deltakarane kan dansen, kan det vera artig og krevjande å auka tempoet.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet