Polonese-marsj

Her stiller ein opp parvis etter kvarandre på rekkje med det ”lette taket”. Stega ein dansar er gåsteg. Legg vekt på marsjering og å halda takten.

Forklaring:

1)  Går rundt salen ein halv gong og opp i midt i salen, helsar avskjed, rekkjene går ned på kvar si side av salen.

2)  Kryssar forbi kvarandre nede i salen: jentene inst, neste gong gutane inst. Ved møte neste gong: helsar, tek kvarandre i hendene og går opp midt i salen

3)  Para går til kvar si side (anna kvar) og helsar når dei møtest igjen og tek saman (4 pers.). Dersom det er mange dansarar kan ein gjera det same og komma opp to og to par (8 pers.)

4)  Første linje tek ”skuldertak” og går mellom dei andre som hektar seg på atter kvart, lagar ”knute”, løyser opp og går to og to rundt i salen igjen til alle er parvis på rekkje.

5)  Første paret tek saman og lagar tunnel, dei andre går gjennom og byggjer tunnelen vidare. Går gjennom tunnelen igjen og marsjerer vidare til alle er på rekkje.

6) Første paret tek kvarandre i hendene, snur og går motsatt retning ned ”overgang”, dei andre bøyer seg ned, går gjennom og kjem etter – held fram til rekkja er utstrekt.

7)  Første paret snur, tek kvarandre i motsatt hand og ”tråklar” seg under – over dei andre para. Dei andre følgjer etter. Viktig at dei som startar tråklinga bestemmer under-over.

8)  Går vanleg to og to, slepp kvarandre, går ut til kvar si side og vert ståande og klappa i hendene. Dei andre går forbi og gjer det same – slik vert det ein lang korridor.

9)  Para tek kvarandre i hendene og hoppar sidelengs gjennom korridoren og byggjer denne vidare. Her kan ein finna på nye ting som t.d. hoppa på andre måtar, bera kvarandre osv. Til slutt kan para gå arm i arm og vinka til dei andre.

10) Går parvis på rekkje igjen. Første paret tek kvarandre i begge hender, set seg ned på huk tett inntil kvarandre, vippar lett opp og ned etter musikken og trallar. Dei andre føljer etter: tek kvarandre i hendene, går på utsida og set seg tett inntil nest par. Når alle sit nede, dyttar første paret rekkja over ende: ”Dominoras”!

Det å gå polonese høver for alle aldrar og er framleis mykje brukt i festleg samvær. Her kan ein òg ha aldersblanding. Vel turar som gruppa kan meistra og eit par som leiar polonesen. Dei andre føl etter leiarparet som gir ”signal” til dei som kjem bak. Polonesen er fin å bruka i større samamkomstar på skulen eller i barnehagen; foreldrefest, skuleball og liknande. Det kan vera artig å gå inn- og ut av rom eller ta ein tur utomhus.Her stiller ein opp parvis etter kvarandre på rekkje med det ”lette taket”. Stega ein dansar er gåsteg. Legg vekt på marsjering og å halda takten.