Alle borna står i ring og let som om dei er små popkorn i ein kjele. Når varmen på plata vert skrudd opp (musikken), byrjar vi så smått å «hoppe-poppe». Etter kvart som det blir varmare, hoppar alle rundt i kjelen og lagar kaos til det ikkje er fleire popkorn som treng å poppe. På slutten er det berre nokre få som poppar med forsiktige hopp.
Hensikt
I denne morosame dansen øver born på å hoppe, som er ei motorisk ferdigheit.
Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boka "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.