Raudt lys på ski

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Alle stiller opp på linje på enden av feltet. På motsett side stiller ein person som er ”raudt lys”. Det ”raude lyset” snur ryggen til forsamlinga, og dei går framover mot vedkomande.

Når personen som er ”raudt lys” kjem på det, tel han høgt 1-2-3, seier ”raudt lys” og snur seg. Då skal ein ikkje røre seg. Dei som rører på seg/glir på skia og blir oppdaga, må gå attende til startstreken.

Den som kjem først fram til personen som er ”raudt lys”, tek over denne rolla i neste runde.

Hensikt

Grunnleggjande skiferdigheiter og reaksjonsevna vert utfordra..

Variasjon

Varier øvinga ved at borna går utan stavar, på ei ski, går baklengs osv.

Levert av Beitostølen Helsesportsenter/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet