Refleksorientering

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/ Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

 

Dette er ein aktivitet som eignar seg godt både haust og vinter. Finn eit terreng som passar for gruppa som skal ta del i aktiviteten. Lag ei orienteringsløype med refleksar eller refleksvestar og oppgåver i skogen eller på barnehagen/skolen sitt uteområde. Dette bør gjerast klart dagen i forvegen, slik at aktiviteten kan gjennomførast tidleg om morgonen. Ha med lommelykt og lys inn i skogen for å få auge på postane som heng rundt omkring.

Løypa kan anten lagast som ein stjerneformasjon med eit samlingspunkt i midten, eller som ei rundløype der postane er lagt ut i ei gitt rekkefølgje. Sørg då for at den første refleksen er synleg frå løypa sitt utgangspunkt, og at den neste posten er synleg kvar gong ein kjem til ny post. Saman med kvar refleks kan ein og feste ulike oppgåver som borna må løyse før dei kan gå vidare.

Hensikt

I denne aktiviteten vert barna sin romorientering og synssans utfordra. Ein fin introduksjon til enkel orientering.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.