Her stiller ein opp parvis i stor ring, vendt mot klokka. Guten har jenta på si høgre side. Guten held jenta nedst på ryggen med høgre hand, jenta legg si venstre hand på skuldra til guten. Dei ytste armane heng ned langs sida. Stega ein dansar er reinlendersteg og hoppe/hinkesteg.
Forklaring:
1) Start med ytste fot: dans tre små lette springesteg og så eitt lite hopp/hink (støtte ord: ein-to-tre-hopp-). Hald fram på same vis, no kjem inste foten først. 2x(1-4)
2) Guten vender seg mot jenta og legg begge armane om livet hennar. Jenta legg begge hendene på guten sine skuldrer. På fire taktar svingar dei rundt to gonger med klokka (tel ein-to-tre fire). Guten opnar grepet på siste takt og startar dansen om igjen.
Progresjon
Det er ein fordel om deltakarane har lært Circassian Circle før ein startar på reinlender. Denne dansen har same rytme (1-2-3-4) og tilnærma like steg. Ein må berre justera høgda på stega. I reinlender dansar ein med låge steg og lite løft av foten på 4. I reinlender kan ein gjere som i Strekkpolka – starte innlæringa ved å gå på rekkje i bukter og halvsirkel (etter musikken) og herma steg etter leiaren. Til slutt endar ein opp med 1-2-3-hopp, 1-2-3-hopp, hopp-hopp-hopp-hopp. Dette øver ein så parvis i ring med rett handgrep. Då gjenstår det å dansa rundt. Her må ein læra guten å trø raskt inn i rundturen. Øv først med ein gong rundt. Når ein går to gonger rundt er det viktig å opna opp dansegrepet på slutten, slik at ein er klar til å dansa framover. Deltakarane har no lært stega i reinlender og kan bruka dei i Firmannsreinlender.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet