Seksmannsreel

I denne dansen dansar ein tre par i ring, med jenta til høgre for guten og handfatting i skulderhøgde. Stega ein dansar er små hoppesteg (gå-hink).

Forklaring første tur:

a)   Rundt i ring: Alle dansar 13 hoppesteg rundt i ring mot venstre (mot sola). Stoppar, trampar på  14-15-16 samtidig som ein snur. (1-16). Dansar det same tilbake og sluttar ved at partane ser på kvarandre. (1-16)

b)   Stjerne: Alle klappar i hendene før para tek kvarandre i begge hender og lagar ei ”stjerne” med ytste hender høgt opp, inste lågt og samla i midten (fletter fingrane i kvarandre). Alle dansar 13 hoppesteg mot sola, gutane framover og jentene bakover. Stoppar opp med tre tramp og snur mot ”naboen”. (1-16). Gjentek det same med naboen, men no går guten bakover og jentene framover.

c)   Kjede: Alle klappar i hendene, startar å dansa kjede ved å gi høgre hand til partnaren, venstre hand til den neste osv. til du møter partnaren din andre gongen. Då trampar de tre gonger og gjer klar til å begynna om igjen. (1-16).

Forklaring andre tur:

a)   Som i første tur.

b)   Som i første tur, berre at alle klappar i hendene ved å slå i hendene samtidig som ein fører dei loddrett opp og ned.

c)   Som i første tur.

Progresjon

Det er ein fordel om ein tidlegare har dansa «Lasse går i ringen» og kjenner til korleis ein går i kjede. Ein kan øva alle elementa i dansen i stor ring; hoppestega – snu – tilbake – stjerne – kjede osv. Dette kan òg vera sjølve dansen for yngre born. Det er mykje lettare å gjennomføra dansen i små ringar når ein har øvd i stor ring.

Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet