To og to stiller seg opp etter kvarandre – bak ein strek. Ein person stiller seg framfor rekkja – med ryggen mot – og ropar: «Siste par ut – Kari og Knut – spring ut». Det bakerste paret spring til kvar si side og skal prøva å møtast framme. Den som ropte, skal prøva å fanga ein av dei. Klarar han det, stiller han seg fremst i rekkja saman med den som vart fanga. Den som ikkje blei tatt, skal ropa. Dersom ein ikkje klarar å fanga nokon, må ein ropa ein gong til. Para rykkjer bakover kvar gong det kjem eit nytt par framme.
Hensikt
En tradisjonslek som utforder kommunikative ferdigheter og reaksjonsevne
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet